En verden av Stein

Om disse tekstene

Pedagogikk
Hypertekster
Lærerportrett
Evnerike barn
 
Matematikk
Matematisk
problemløsning

Samtaleoppgave
3,14?
Møbius
 
Naturfag
Virtuell
steinsamling

Vestfolds geologi
Økologisk jordbruk
Høyfjellsøkologi
 
KRL
JKKaSDH
(aka mormonerne)
 
IKT og ulikt
PC og personvern
PC og musikk-
undervisning

VW Caravelle og
topplokk
 
Personlig
CV   
Diktanalyse
Billedalbum
Konsertbilder
Julekaker
Ut å fly...
 

Andre sider:
 
En verden av Stein
Startside
Krone
Pineal
Hals
Hjerte
Solar Plexus
Hara
Rot
Linker
 
Steins
Elektronikkverksted
Startside
 
Ex Animo
Startside
 

 

Analyse av

"MYRSTRÅ VIPPER"

av Rolf Jacobsen


Myrstrå vipper,
bøier sig mot øst og vest
og hvisker.
Vinden
toer deres fingre.
Myggen synger,
danser gjennem luften,
blanke, kåte.

Mellem byene
Hvor menneskene stimer på fortauene og ser hva de andre har på sig
idag og husmødrene vasker kopper i varmt vann og setter dem på plass
i skapene efter hvert måltid,
og hvor vi kan kjøpe tannpasta og snipper og grammofonplater
i morsomme butikker,
ligger ødemarkene

hvor myrstrå vipper,
bøier sig mot øst og vest
og hvisker,
knikser blidt mot vinden,
bleker sig i solen.
Myggen summer.


– Femti år og andre bor i husene,
sporvognene har nye skilt og nytt
skinn på setene.
– Hundre år og bilene er stanset i lange
rekker, side om side står de i evige
karavaner, dynger sig op i store hauger,
ligger med hjulene i været som døde insekter.
– Tusen år og jernbjelken er en rød
stripe i sanden.

Myrstrå vipper,
bøier sig mot øst og vest
og hvisker.
Vinden toer deres fingre.
Myggen synger,
danser rundt i luften,
blanke, kåte


Analyse


Rolf Jacobsen vart fødd i Oslo i 1907 og døyde i 1994. Han debuterte med diktsamlinga Jord og jern i 1933. Leksikon mitt (Store Dorske – orsak, Norske) seier at han då vart sett på som storbyen og maskinkulturen sin lyrikar. Eg skal her analysere diktet Myrstrå vipper frå samlinga Vrimmel (1935).

***

Diktet har fem strofer og er symmetrisk bygd. Fyrste, mellomste og siste strofe talar om myrstrå, vind og mygg, og fyrste og siste strofe er så godt som like. Andre og fjerde strofe skildrar menneskja si verd i notid og framtid. Diktet er særprega ved ikkje å vere ein frosen augneblink, det har (frå ein vinkel) eit spenn på tusen år. Tre strofer er tidlause. Den andre og den fjerde er tidsbundne, og gjev oss fire augneblink spreidde ut over eit tidsrom på tusen år.

***

Diktet har ei moderne form. Strofene har varierande lengde og struktur, og rim er ikkje viktig. Typografien er varsamt nytta for å auke kontrasten mellom ro og kav i delar av diktet: Det er lengre mellomrom mellom orda i 1., 3., 6. og 8. linje i fyrste strofe, fyrste og siste linje i andre strofe, 1., 3. og 6. linje i tredje strofe og 1., 3., 5. og 7. linje i siste strofe. I resten av andre strofe synast mellomromma knipne.

***

I den fyrste strofa vert naturen presentert. Aktørane er små, milde og veike, men ånda i naturen besjelar alt. Me møter naturen i det vesle og kvardagslege. Myrstrå som vippar i ein linn vind er betre døme enn rotvelter i storm, og summande mygg betre målsmenn enn frodande vargar. Alle dei tre strofene som skildrar naturen har ein jamn trokeisk rytme. Saman med korte setningar, korte verselinjer og oppattakinga, gjev dette ei kjensle av at naturen har så godt med tid at han vert tidlaus og såleis evig. Dette vert òg understreka av linja "bøier sig mot øst og vest". Sola står opp i aust og ber bod om dagen som kjem, altså framtida. Motsvarande er vest symbol for fortida.

***

Den andre strofa er heilt annleis. Fyrste og siste verselinja dannar til saman ein heil setning, "Mellem byene ligger ødemarkene", som byggjer bru mellom dei tre fyrste strofene. Midt i denne setninga sprengjer ein ny og særs lang periode seg inn. Her er det menneskja si verd som vert skildra. Meir presist, det er kvardagen i storbyen som vert skildra; andre delar av sivilisasjonen vår visast ikkje her. I denne strofa står ikkje tida stille. Frasar som "stimer", "ser hva de andre har på seg idag" og "efter hvert måltid", saman med dei lange setningane berre skild med komma, og lange verselinjer med samanhengar som held fram på linja etter gjev ei andpusten kjensle; tida fyk av garde. Men ikkje i jamn fart. Denne strofa har, i motsetnad til den fyrste, ingen jamn versefot. Den oppstykka rytmen gjev ei kjensle av noko kaotisk og rotlaust. Kva er me opptekne av? Motar og oppvask, tannpasta og tidtrøyte. Medan den tidlause kvardagen i fyrste strofe er sjølve livet, så er vår forkava kvardag berre triviell jåleskap. Det at me stimar rundt og samhandlar med daude ting, og ser på klede i staden for folk, aukar kontrasten til fyrste strofe. Det er inga besjeling her.

***

I tredje strofe vert bileta frå fyrste strofe tekne opp att. Alt i siste linje i andre strofe, "ligger ødemarkene", vert tempoet dempa av den kvite stilla mellom orda. Naturen er her enno, og han er stendig besjela. Den tredje strofa har den same jamne rytmen som den fyrste.

***

Den fjerde strofa skil seg ut frå dei andre. Ho er delt i tre, med tankestrek før kvar bolk, og skildrar framtida til storbyane frå andre strofe. Fyrste bolk er sett femti år fram i tid. Det har ikkje hendt så mykje enno. Nye individ i same dans. Språket er nøkternt, det slår berre fast fakta. På overflata kan det synast som om byen har ei stabil tilvere jamsides med naturen, men det reint refererande språket og mangelen på besjeling og liv gjev teikn om at dette er ein illusjon. "... nye skilt og nytt skinn på setene" peikar mot at byen og menneska der jamt og trutt forbrukar ressursane sine. Den andre bolken er sett hundre år fram i tid. Katastrofen er eit faktum. Noko har hendt, me veit ikkje kva, men samfunnet har brote i hop. Menneskja er borte for godt ("...evige karavaner..."). Språket vert meir målande og rikt på bilete ("dynger sig opp...", "...som døde insekter"). Den tredje bolken er sett tusen år fram i tid. No er sjølv jernbjelken, bilete på det mest solide og varige menneskja har lagt att, berre ei raud stripe i sanden. Naturen har teke alt tilbake, og sletta alle spor. Lik den andre strofa manglar òg denne ein fast versefot. Verba er gjennom heile strofa sett i presens eller perfektum partisipp, dei beskriv noko som allereie har hendt. Dette er altså storbysivilisasjonen sin uunngåelege lagnad.

***

Den siste strofa er ein nær ordrett oppattaking av den første strofa. Naturen held fram i ein evig dans, og ensar ikkje at menneskja har gått bort. Den jamne rytmen er atter her, såleis som ho i grunnen har vore heile tida. Diktet byrjar i naturen, og der sluttar det òg.

***

Diktet seier ikkje noko om kva som vert årsaka til at byane fell. Tematisk kan diktet difor sjåast frå to sider. Mest audsynt er korleis det sett opp natur mot kultur. Menneskja sin bykultur har gløymt naturen og det verkelege livet. Den gøymer tomheita under ein ferniss av glitrande og morosam tidtrøyte. Men naturen er både tolmodig og tolsam. Naturen kan vente. Den har all tid i verda. Vinden har leika med myrstrå, og mygg har dansa i millionar av år før oss, og leiken vil halde fram i nye millionar av år etter at me er borte. Menneskja kan fort verte ein Darwinistisk blindveg; eit av naturen sine mistak som ikkje passar inn, og som difor ikkje har nokon framtid. Om tusen år er ikkje eingong spora att. Vår teknologiske maskinkultur har kimen til si eiga undergang bygd inn. Den sporar til ein spiral av bruk og forbruk, og byggjer på den tru at trea veks like inn i himmelen. Såleis er diktet ei åtvaring om konsekvensane av uhemma konsum. Me må finne ei balanse mellom det me tek og det me gjev attende. Menneskja må vere meir audmjuke i omgjenget med naturen. Dei veikaste og minst prangande av representantane for naturen lukkast og vinn fram, medan menneskja og teknologien sine krefter må gje tapt. Det som synast veikt kan vere mykje sterkare enn det tilsynelatande uimotståelege. Eller som Anne Grete Preus syng: "Lavt og lite har mere kraft enn mye og fullt og nok".

***

Teknologien gjev òg høve til ein stendig høgre grad av maktbruk og råskap menneska imellom. Sett frå dette perspektivet vert diktet ein åtvaring om at menneskja har noko sjølvdestruktivt i seg. Naturen treng ikkje gjere jobben, det klarar me fint sjølv. Dette diktet vart gjeve ut i 1935. Dei destruktive kreftene som stramma grepet om Tyskland, Sovjet, Spania og Italia varsla at Europa atter budde seg på krig. Bymenneska sine tomme og sjølvkjære syslar i andre strofe vert no fylde med ironi. Me går medvitslaust i dauden, for me kan ikkje verte brydde med anna enn snippar og tannpasta. Trøysta lyt vere at blindskapen og dumskapen berre råkar menneskja sjølv. Naturen lever sitt eige liv og let seg ikkje merke av at menneska før eller seinare gjer kollektivt sjølvmord.

***

Utfallet vert det same både for menneskja og naturen. Såleis er dette to sider av same sak. Diktet seier ikkje noko om kva som vert årsaka til at byane fell. Sjølv om me no, meir enn 60 år seinare, kan sjå fleire mogelege årsaker, så har ikkje det nokon innverknad på det grunnleggjande i diktet: Ei kjensle av at sjølv det veikaste i naturen er sterkare enn vår maskinkultur, og at medan me er på veg mot ein diskontinuitet, så held naturen fram, upåverka av vår lagnad.




Analysa fekk karakteren 2.3

Sist endra 05.07.00
Analysetekst © Stein Solø 1998 - 2000